Journey Through the Past
Journey Through the Past Filmmusikkalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. november 1972 | |
Innspelt | 20. januar 1967 - 18. november 1971 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:00:38 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, L.A. Johnson | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Harvest (1972) |
Journey Through the Past | Time Fades Away (1973)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Robert Christgau | (C+) [3] |
Journey Through the Past er eit filmmusikkalbum frå filmen med same namn av Neil Young. Det kom ut i november 1972 på Reprise Records. Albumet nådde 45. plass på den amerikanske albumlista og har sidan vorte gjeven ut på vinyl og kassett, men aldri på CD. Albumet er derfor ein av dei sjeldnaste i diskografien til Young.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Journey har musikk frå fire kjelder: fjernsynssendingar med Buffalo Springfield; konsertinnspelingar med Crosby, Stills, Nash & Young; øvingsopptak frå Harvest-innspelinga med The Stray Gators; og innspelingar av The Tony and Susan Alamo Christian Foundation Orchestra and Choral. Filmen ser tilbake på den første delen av karrieren til Young.
Spor ein og to er spelt av Buffalo Springfield. Medleyen på spor ein er studioopptak og omfattar ein sjeldan versjon av «Mr. Soul», som bandet mima til for fjernsynsprogrammet The Hollywood Palace den 20. januar 1967. Den andre er frå då gruppa spelte på The Ed Sullivan Show i 1967.
Spor tre til fem er konsertinnspelingar med CSNY frå Fillmore East i New York City den 5. juni 1970.
Øvingsoppptaka frå Harvest utgjer spor seks til ni og er alle frå 26. og 27. september 1971 på ranchen til Young i La Honda. Mellom desse finn ein samtalar med Young, David Crosby og Stephen Stills frå ei innspeling seinare i New York.
Dei siste spora er eit utdrag frå Messias av Georg Friederich Händel og eit tema av Miklós Rózsa for filmen King of Kings, spelt av Tony and Susan Alamo Christian Foundation Orchestra and Choir, den 10. februar 1972.
Albumet inneheld berre ein ny song av Young, «Soldier», spelt inn på eit sagbruk med lyden av eld frå sagflisbrennaren. Denne kom seinare med på samleplata Decade. Plata vert merkeleg nok avslutta med eit spor frå Pet Sounds av The Beach Boys, instrumentalen «Let's Go Away for Awhile» frå 1966.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «For What It's Worth/Mr. Soul» (Stephen Stills/Young) | 3:54 |
2. | «Rock & Roll Woman» (Stills) | 2:53 |
3. | «Find the Cost of Freedom» (Stills) | 1:59 |
4. | «Ohio» | 4:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Southern Man» | 6:47 |
6. | «Are You Ready for the Country?» | 1:52 |
7. | «Let Me Call You Sweetheart» | 1:05 |
8. | «Alabama» | 6:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Words» | 16:30 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Relativity Invitation» (dialog frå filmen) | 1:09 |
11. | «Handel's Messiah» (Georg Friederich Händel) | 2:49 |
12. | «King of Kings» (Miklós Rózsa) | 5:07 |
13. | «Soldier» | 3:39 |
14. | «Let's Go Away for Awhile» (Brian Wilson) | 2:08 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Journey Through the Past» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. Journey Through the Past på Allmusic
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 8. februar 2009. Henta 2. september 2017.
- ↑ «Robert Christgau: CG: neil young». Robertchristgau.com. Henta 8. august 2018.