Mr. Soul
Mr. Soul Singel av Buffalo Springfield frå albumet Buffalo Springfield Again | ||
A-side |
Bluebird | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1967 | |
Innspelt | 9. januar & 4. april 1967 | |
Studio | Atlantic, New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:35 | |
Selskap | Atco | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Produsent |
| |
Buffalo Springfield-kronologi | ||
«For What It's Worth» (1967) |
Mr. Soul | «Rock 'n' Roll Woman» (1967)
|
«Mr. Soul» er ein song skriven av den kanadiske rockeartisten Neil Young og først innspelt av folkrockbandet Buffalo Springfield. Songen vart gjeven ut på det andre albumet deira Buffalo Springfield Again. Songen vart spelt inn 9. januar 1967 i Atlantic Studios i New York med tilleggsinnspelingar den 4. april 1967.
Den vanlege albumversjonen og monoutgåva på singelen har heilt forskjellige gitarsoloar. Singelmiksen har aldri vorte gjeven ut på ny.
På spor 3 på albumet Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968 seier Young, «Mange songar tar lang tid å skrive. Generelt tar dei ein og ein halv time å skrive. Men denne tok berre fem minutt.»
Young spelte sidan inn fleire versjonar av songen, ofte med stilmessige endringar. Av alle songane til Young er det «Mr. Soul» som er gjeven ut flest gonger. Hovudriffet i songen er sagt å vere ein nær kopi av «(I Can't Get No) Satisfaction» av The Rolling Stones.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Stephen Stills - gitar (solo), korvokal
- Neil Young - gitar, solovokal
- Richie Furay - gitar, korvokal
- Dewey Martin - trommer
- Bruce Palmer - bassgitar
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Ei ny innspeling av songen i synth-elektrisk-stil vart gjeven ut på Young-albumet Trans i 1982 med vokalen handsama gjennom ein vocoder.
I tillegg til desse versjonane, orginalen og Trans-versjonen, finst «Mr. Soul» i ei akustisk utgåve på Unplugged, Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968 og Year of the Horse, samt på samlingane Retrospective, Journey Through the Past og Young sin Decade.
Songen vart òg spelt av Rush.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mr. Soul» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: