Martin Ryle
Martin Ryle | |||
Fødd | 27. mars 1918 Brighton i England | ||
---|---|---|---|
Død | 14. oktober 1984 (66 år) Cambridge i England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, fysikar, astrofysikar, forskar | ||
Institusjonar | University of Cambridge | ||
Alma mater | Christ Church College Trinity College i Cambridge Bradfield College University of Oxford | ||
Doktorgradsrettleiar | J. A. Ratcliffe | ||
Kjend for | Radioastronomi | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Royal Society Det pavelege vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det sovjetiske vitskapsakademiet National Academy of Sciences |
Martin Ryle (27. september 1918–20. oktober 1984 ) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Ryle og landsmannen Antony Hewish mottok Nobelprisen i fysikk i 1974 «for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for observasjonane og oppfinningane sine, særskild apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga av pulsarane».
Etter å ha teke ein fysikkgrad ved University of Oxford i 1939 jobba Ryle ved Telecommunications Research Establishment med design av antenner for flygande radarutstyr under andre verdskrigen. Etter krigen vart han partnar ved the Cavendish Laboratory. Ryle var direktør for Mullard Radio Astronomi Observatory i Cambridge, og frå 1958 professor i radioastronomi ved Cambridge University. Han var Astronomer Royal 1972–1982.
Fokuset i hans tidlege arbeid ved Cambridge var på radiobølgjer frå sola. Ryle si interesse flytta seg derimot raskt til andre område og å utforske dei han tidleg bestemte at Cambridge-gruppa skulle utvikle nye observasjonsteknikkar for. Som eit resultat vart Ryle drivkrafta i etableringa og forbetringa av astronomisk interferometri og apertursyntese som har medverka til å oppgradere kvaliteten på radioastronomiske data.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martin Ryle» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1918
- Døde i 1984
- Britiske fysikarar
- Britiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Folk frå Cambridge
- Astronomers Royal
- Engelske astronomar
- Engelske fysikarar
- Knights Bachelor
- Royal Medal
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje
- Medlemmar av Royal Society
- Astronomar på 1900-talet
- National Academy of Sciences
- Radioastronomar
- Spektroskopar