Hopp til innhald

Subrahmanyan Chandrasekhar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Subrahmanyan Chandrasekhar

Fødd19. oktober 1910(1910-10-19)
Lahore i Britisk India
Død21. august 1995 (84 år)
Chicago i USA
NasjonalitetUSA, India, Britisk India
OmrådeAstrofysikk
Yrkematematikar, fysikar, astronom, astrofysikar, akademikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Chicago
University of Cambridge
Alma materPresidency College, Madras
Trinity College, Cambridge
DoktorgradsrettleiarRalph H. Fowler, Arthur Stanley Eddington
DoktorgradsstudentarDonald Edward Osterbrock, Roland Winston, Jeremia P. Ostriker, Jerome Kristian, Yousef Sobouti
Kjend forChandrasekhargrensa
EktefelleLalitha Doraiswamy
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences
Indias nasjonale vitenskapsakademi
American Astronomical Society
Det bayerske vitskapsakademiet
Vitenskapsakademiet for utviklingsland

Subrahmanyan Chandrasekhar (19. oktober 191021. august 1995) var ein indisk-amerikansk fysikar, astrofysikar og matematikar. Han rekna ut chandrasekhargrensa, og vart i 1983 tildelt Nobelprisen i fysikk, saman med William Alfred Fowler, for studia sine av dei fysiske prosessane som er viktige for strukturen og utviklinga av stjerner.

Chandrasekhar vart fødd i ein tamilsk brahminfamilie i Lahore i daverande Britisk India (no Pakistan). Faren var statsrevisor og ein dugande karnatisk fiolinspelar; mora omsette mellom anna Et Dukkehjem av Ibsen til tamil. Nobelprisvinnaren i fysikk C.V. Raman var frabroren til Chandrasekhar.

Subrahmanyan Chandrasekhar fekk først opplæring heime før han blei elev ved Hindu High School i Madras (no Chennai) i Tamil Nadu i det søraustlege India. Seinare studerte han fysikk ved Presidency College i same byen. I 1930 fekk han eit statleg stipend til å studera ved Universitetet i Cambridge, og kom inn på Trinity College under R.H. Fowler. Under overfarten frå India til Storbritannia fordreiv Chandrasekhar tida med å rekna ut den største massen ei stjerne kan ha utan at ho blir ei supernova og deretter eit svart hol. Talet er seinare blitt kjend som chandrasekhargrensa.

I Europa studerte Chandrasekhar eitt år ved Institut for Teoretisk Fysik i København, der han møtte Niels Bohr. Han fekk doktorgrada i 1933. I 1936 gifta han seg med Lalitha Doraiswamy, som òg hadde studert ved Presidency College.

I 1937 blei Subrahmanyan Chandrasekhar tilsett ved University of Chicago og arbeidde der til han døydde i 1995, 85 år gammal.

  • Chandrasekhar, S. (1958) [1939]. An Introduction to the Study of Stellar Structure. New York: Dover. ISBN 0486604136. 
  • Chandrasekhar, S. (2005) [1942]. Principles of Stellar Dynamics. New York: Dover. ISBN 048644273X. 
  • Chandrasekhar, S. (1960) [1950]. Radiative Transfer. New York: Dover. ISBN 0486605906. 
  • Chandrasekhar, S. (1975) [1960]. Plasma Physics. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226100847. 
  • Chandrasekhar, S. (1981) [1961]. Hydrodynamic and Hydromagnetic Stability. New York: Dover. ISBN 048664071X. 
  • Chandrasekhar, S. (1987) [1969]. Ellipsoidal Figures of Equilibrium. New York: Dover. ISBN 0486652580. 
  • Chandrasekhar, S. (1998) [1983]. The Mathematical Theory of Black Holes. New York: Oxford University Press. ISBN 0198503709. 
  • Chandrasekhar, S. (1990) [1987]. Truth and Beauty. Aesthetics and Motivations in Science. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226100871. 
  • Chandrasekhar, S. (1995). Newton's Principia for the Common Reader. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0198517440. 

Oppkallingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Miller, Arthur I. (2005). Empire of the Stars: Friendship, Obsession, and Betrayal in the Quest for Black Holes. Boston: Houghton Mifflin. ISBN 061834151X. 
  • Srinivasan, G. (ed.) (1997). From White Dwarfs to Black Holes: The Legacy of S. Chandrasekhar. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226769968. 
  • Wali, Kameshwar C. (1991). Chandra: A Biography of S. Chandrasekhar. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226870545. 
  • Wali, Kameshwar C. (ed.) (1997). Chandrasekhar: The Man Behind the Legend - Chandra Remembered. London: imperial College Press. ISBN 1860940382. 

Nekrologar

[endre | endre wikiteksten]