Richard Floer
Utsjånad
Richard Floer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. april 1767 Kvikne |
Død |
28. august 1822 (55 år) |
Yrke | politikar, hytteskrivar |
Språk | norsk |
Richard Floer på Commons |
Richard Floer (11. april 1767–28. august 1822) var ein norsk bergmann og eidsvollsmann.
Floer var fødd i Kvikne i Hedmark, far hans var stiger ved koparverket der. Sjølv vart han revisor ved Røros koparverk i 1785, hytteskrivar frå 1813. Han var elles kaptein i Røros frivillige jegerkorps.
I 1814 var Floer utsending frå jegerkorpset til riksforsamlinga på Eidsvoll.
Han døydde på Røros i 1822.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Richard Floer NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv