Thor Reiersen Lilleholt
Utsjånad
Thor Reiersen Lilleholt | |||
Fødd | 3. mars 1770 Holt kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. mai 1822 (52 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Unionspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Reier Thorsen Lilleholt | ||
Alle verv |
Thor Reiersen Lilleholt (3. mars 1770–12. mai 1822) var ein norsk gardbrukar, lensmann og eidsvollsmann frå Holt.
Lilleholt var fødd i Holt i Aust-Agder. Han var gardbrukar på farsgarden frå 1790. 1803-17 var han lensmann i Holt, åra 1803-12 også i Dybvåg. Til riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814 var han utsending frå Nedenes amt. Her fylgde han unionspartiet.
Lilleholt var tildelt borgardådsmedaljen i sølv. Han var far til Reier Thorsen Lilleholt.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Thor Reiersen Lilleholt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv