Volof-folk
Utsjånad
Volof (også skrive wolof) er eit folk i Senegal, Gambia og Mauritania. Språket deira er volof.
Busetnad
[endre | endre wikiteksten]I Senegal er volofane den største folkegruppa ved at rundt 40 % av folkesetnaden identifiserer seg som volof. Dei er fleirtalet i området som strekkjer seg frå Saint-Louis i nord, Kaolack i sør og Dakar i vest. Derimot er det få volofar i Casamance. I Gambia er rundt 15 % av folkesetnaden volof. Dei utgjer ein minoritet i eit land der mandinkaene utgjer 40 % av innbyggjarane, men volofspråk og -kultur har uforholdsmessig stor tyding sidan volofane utgjer halvparten av folkesetnaden i hovudstaden Banjul. I Mauritania er omkring 7 % av folkesetnaden volof. Dei bur for det meste i dei sørlege kystområda til landet.
Kjende volofar
[endre | endre wikiteksten]- Youssou N'Dour, senegalesisk songar
- Ousmane Sembène, senegalesisk forfattar og regissør
- Abdoulaye Wade, president i Senegal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wolof» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjonsside om voloffolket, wolof.org
- Leipoldts wolofsider på engelsk Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Leipoldts wolofsider på tysk Arkivert 2007-05-15 ved Wayback Machine.
- Yahoogruppe om volof (engelsk og tysk)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Mamadou Cissé, Dictionnaire Français-Wolof, L’Asiathèque, Paris, 2004,ISBN 2-911053-43-5
- Mamadou Cissé, Contes wolof modernes, L’Harmattan, Paris, 1994, ISBN 2-7384-3016-3
- Michel Malherbe, Cheikh Sall: Parlons Wolof - Langue et culture. L'Harmattan, Paris, France 1989, ISBN 2-7384-0383-2.
- Gabriele Aïscha Bichler: Bejo, Curay und Bin-bim? Die Sprache und Kultur der Wolof im Senegal (mit angeschlossenem Lehrbuch Wolof). Europäische Hochschulschriften Band 90. Peter Lang Verlagsgruppe, Frankfurt am Main, Germany 2003, ISBN 3-631-39815-8.
- Arame Fal, Rosine Santos, Jean Léonce Doneux: Dictionnaire wolof-français (suivi d'un index français-wolof). Karthala, Paris, France 1990, ISBN 2-86537-233-2.
- Rolf Goetz: Senegal - Gambia: Praktischer Reiseführer an die Westküste Afrikas. Verlag Peter Meyer Reiseführer, Frankfurt am Main, Germany 1996, ISBN 3-922057-09-8.