Hurunui District
Hurunui District | |
Folketal: | 11 000 Førebels estimat juni 2009[1] |
Største by: | Amberley |
Distrikt | |
---|---|
Namn: | Hurunui District Council |
Leiar: | Garry Jackson |
Flatevidde: | 8 660,43 km² |
Heimeside: | http://www.hurunui.govt.nz/ |
E-post: | info@hurunui.govt.nz |
Regionstyre | |
Namn: | Canterbury |
Heimeside: | http://ecan.govt.nz/pages/home.aspx Arkivert 2010-02-17 ved Wayback Machine. |
Hurunui District er eit distrikt på austkysten av Sørøya på New Zealand, nord for Christchurch. Det er ein del av regionen Canterbury. Flatevidda er 8 660,43 km².
Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 10 476. Som tilfellet òg er med Waitaki District, har dette distriktet det lågaste talet av innbyggjarar med ikkje-europeisk bakgrunn på heile New Zealand, både i reine tal og høvesvis. Meir enn 95% av innbyggjarane ved folketeljinga i 2006 gav opp bakgrunnen sin som «europeisk» eller som «New Zealanders» (som kan tolkast som for ein stor del eruropearar). Lokalinnbyggjarar kunne til og med kjenna att identitetane til lokale maoriar eller asiatar som var registrerte under folketeljinga[2].
Byar og større busetnadar
[endre | endre wikiteksten]- Amberley - administrasjonssenter i distriktet.
- Cheviot
- Culverden
- Greta Valley
- Hanmer Springs - termal/alpin feriestad.
- Hawarden
- Leithfield
- Motunau
- Parnassus
- Waiau
- Waikari
- Waipara
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Estimat 30. juni 2009 Frå Statistics New Zealand
- ↑ «Our whitest region». New Zealand Herald. 08-05-2007. Henta 7. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]43°9′7″S 172°43′44″E / 43.15194°S 172.72889°E
- Denne artikkelen bygger på «Hurunui District» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2010.