Rangitikei District
Rangitikei District | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 4 479,42 km² | ||
Folketal | 15 027 (6. mars 2018)[1] | ||
Rangitikei District 39°47′10″S 175°38′13″E / 39.786°S 175.637°E | |||
Wikimedia Commons: Rangitikei District |
Rangitikei District er eit distrikt der den største delen ligg i regionen Manawatu-Wanganui på Nordøya på New Zealand. Ein mindre del, byen Ngamatea (13,63 % av arealet), ligg i regionen Hawke's Bay. Distriktet ligg sørvest på øya, og omfattar nedslagsfeltet til Rangitikei River.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå South Taranaki Bight mot North Island Volcanic Plateau. Det dannar eit trapesforma område som omfattar byane Taihape, Bulls, Marton, Hunterville og Mangaweka. Flatevidda til distriktet er 4 538 km².[2] Topografisk varierer landskapet frå sandsletter langs kysten til karakteristiske åsryggar i innlandet.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Ved folketeljinga i 2006 var det 14 712 innbyggjarar i distriktet.[3] Den største byen, og setet for distriktsstyret, er Marton, der folketalet var 4 680 ved teljinga.
Togulukka
[endre | endre wikiteksten]Ein del av Whangaehu-elva renn gjennom den nordlege delen av distriktet. I den øvre delen av elva fann Tangiwai-katastrofen stad julaftan i 1953, den største jarnvegsulukka på New Zealand, der 151 menneske mista livet.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
- ↑ [1] Arkivert 2006-08-09 ved Wayback Machine. Frå distriktet si heimeside.
- ↑ [2] Arkivert 2008-03-17 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006
- Denne artikkelen bygger på «Rangitikei District» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2009.