Waitaki District
Waitaki District | |||
distrikt | |||
Waitaki District Council-bygningen i Thames Street i Oamaru.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 7 148,05 km² | ||
Folketal | 22 300 (30. juni 2018) | ||
Waitaki District 44°55′34″S 170°38′06″E / 44.926°S 170.635°E | |||
Wikimedia Commons: Waitaki District |
Waitaki District er eit distrikt som ligg i regionane Canterbury og Otago på Sørøya på New Zealand. Det ligg på båe sider av den tradisjonelle grensa mellom dei to regionane, Waitaki-elva. Landarealet er 7 151,94 km², 59,28 % ligg i Canterbury, og 40,72 % i Otago. Det er det einaste distriktet på Sørøya som er delt mellom to regionar. Landbruk er den viktigaste næringsvegen i distriktet, som omfattar det vide, vifteforma elveutløpet, og strekkjer seg innover i landet langs elvebreiddene, sli at det dannar grovt sett eit trekanta område. Folketalet er 22 308.[2] Oamaru (som ligg i Otago) er den største byen i distriktet.
Waitaki District vart danna ved ei samanslåing av det tidlegare Waitaki County og Oamaru Borough i 1989. Det vert styrt av Waitaki District Council med administrasjonssenter i Oamaru.
Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
- ↑ 2018 Census place summaries: Waitaki District, Statistics New Zealand
- ↑ «A national treasure is being squandered». The New Zealand Herald. 2010--02-08. Henta 21. mars 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Waitaki District» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2010.